Arve og Mats på Anfield.Mats og Arve Hovland har denne veka vore på fotballtur til Liverpool med FK Tempo. Mats spelar på Tempo då fotballgruppa i Eikefjord ikkje har nok spelarar i denne årsgruppa. Mats angrar nok ikkje på at han valgte Tempo for den turen han og Arve har fått delta på er nok ei stor oppleving.
Dei har besøkt Anfield, der dei fekk med seg Champions Leage kampen mot PSV Eindhoven og var innom garderoben til proffane. Vidare har dei besøkt "The Academy", fotballskulen til Liverpool og blitt trena av proffisjonel trenar. Dei fekk også møte John Arne Riise som skreiv autografar, signerte bilder, drakter og sko. Han ønskte vidare lykke til med fotballkampen mot eit lokalt Liverpool lag. Denne kampen vant dei 6-1.

Les meir i Firdaposten lørdag.