Som tidlegare skreve blei Kyrkjebukta 1.5 mill rimlegare enn rekna med. Offisielle tall viser at prosjektet kosta prosjektet nær 4,9 mill, men talla stammer frå 2006 då prosjektet på ingen måte var ferdig.
Etter den tid har bygda gått inn med nesten ein million kroner for å få anlegget opp i den standarden som er idag. Ein må gi honør til ei bygd som står på og fullfører anlegget, medan kommunen sitt refreng har vore “ ditta vert dyrt ,no må dokke ikkje bruke meir penger - dette har vi ikkje råd til…"
Summerer ein tala frå frå kommunerevisjonen viser det ein totalkostnad på 4,9 mill. I desse talla er ikkje dugnadsinnsatsen tatt med sjølv om dette har vore ein svært viktig faktor i prosjektet.
Grendalaget sitt prosjektregnskap viser følgende tall for prosjektet
2006: ”Ferdigstilling av prosjektet”. kr. 850.000,- + dugnad for 500 000 = kr. 1.350.000,-
2007: kr. 130.000,- + 350 dugnadstimer a 200 = kr. 200.000,-Oppretting og grusing + asfaltering. Hellelegging og fuging av nordre pir. Tillaging av sandvolleybana
2008: kr. 110.000,- + 250 dugnadstimer a 200 = kr. 160.000,-
Forskaling og støyping inn mot båthamna. Søre pir vart hellelagt og forsterka med betong på utsida. Steinbuen i sjøen fjerna og lagt opp/murt opp på sidene. Laga stor grue på stranda. 15 stk rogneasaler vart innkjøpt og planta
2009: kr. 240.000,- + 400 dugnadstimer a 200 = kr. 320.000,-
5 møteplasser vart hellelagt – kinesisk kantstein vart kjøpt inn. Det vart forsterka med betong på utsida av heile stranda. Det vart kjøpt inn og lagt stein rundt heile buen-maskinarb.
2010: Budsjett på 200.000,- + 200 dugnadstimer = kr. 240.000,-
Ferdigstillelse av stranda og promenaden. Vi treng ca. 5 lass med jord til grøntområde. 6 kubikk med betong for støyping og hellelegging. Muring av kinesisk stein langs promenaden og oppretting + asfaltering
Totalt 2006-2010: kr. 920.000,- ( kr. 680.000 – dugnad kr. 240.000,-)
Tar vi desse talla med viser totalreknskapet dette
Kommunen: 2 735 475 kroner.
Fylkeskommunen knapt 1,4 mill
Grendalaget 800 000 kroner.
Dugnadsarbeidet 500 000 kroner.
Grendalaget 680 000 kroner.
Dugnadsarbeidet 240 000 kroner.
Totalkostnad: vel 6,3 mill og eikefjordingane har sjølv ytt 2,2 mill gjennom reine penger og dugnad. Bygda gir ein stor takk til alle som har hjelpt til med dugnad, både på anlegget og på Eikefjorddagane som har gitt den økonomiske ryggraden til å klare eit slikt prosjekt.