20110319-250-endestadcamping013I dag 23. mars overtar Hans Endestad campingplassen på Storebru. Hans valgte dagen i dag som overtakelsedag sidan han sjølv er 39 år idag.

Vi gratulerer så mykje med dagen og ny campingplass.

 

Helt sia mai i fjor har Mona Råheim og Hans Endestad vore i kontakt med eigarane for eit mulig kjøp av campingplassen. Først etter nyttår blei det fart i forhandlingane som no ender med at Hans Endestad kjøper camingplassen. Samarbeidet med Mona vil fortsette og ho har mange idear om korleis campingplassene skal bli drivverdig. Eg likar å jobbe mot mennesker så dette skal bli spennande, seier Mona til Eikefjord.net. Hans er litt stillare og held seg i bakgrunnen, men planene er klare.

20110319-525-endestadcamping063

I første omgang vil han pusse opp dei 6 små hyttene på 32 m2 på nedsida av vegen. Eit strøk med maling innvendig, eventuelt nytt golv og mindre fiksing på interiøret så er desse klar for utleige.
20110319-525-endestadcamping067

Dei 8 hyttene på 56 m2 vil også få ein oppfrisking innvendig før dei også blir klar for utleige.
20110319-525-endestadcamping005

Det er også nokre få oppstillingsplasser for campingvogner og bubiler på campingplassen, her lyt ein vente til snøen smelter før ein ser om noko må gjerast med plassen.

Hans vil samarbeide med Elveigarlaget for utleige av fiskekort i vassdaraget. Vassdraget er kjent for sine fine kjø og det er også mulig å lande laks i elva. Det blir mulig å leige båt i Endestadvatnet og ved Kommunekaia i sentrum for fiske både i vatn og sjø.

Jobben no framover vil sjølvsagt bli oppussing av hyttene, men også markedsføring av Endestad Camping.

Kontaktinfo:
Mobiltelefon: 40216571
Email: [email protected]

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2