Eikefjord sitt unge A-lag starta litt famlande, og Loen fekk nokre småsjansar på dei ti første minutta. Men så fekk Eikefjord eit tidleg mål etter 17 spelte minutt, og enda to mål til før kvilen. Etter kvilen laga tangotrøyene ytterlegare to mål, medan Loen fekk eit mål på straffespark. Resultatet til slutt vart 1-5 til Eikefjord.