20110909-250-fjordpipe051Fredag kveld var alle dei ansatte på Eikefjord Mekaniske innvitert ut på Nesjane for å få ei lita overrasking. Og overrasking blei det. Kl 6 blei alle invitert ut på plassen foran bedrifta og her var ordførarkandidat Bengt Solheim Olsen. Han hadde fått oppdrag, saman med Jon Sande å avduke det nye navnet til bedrifta.

Og navnet er Fjordpipe.

Bengt Solheim Olsen og Jon Sande avduka det nye navnet. Dei ansatte stod med store auge, men reaksjonen kom fort.
YES, dette er bra, glad for at  EMV er med vidaare.
20110909-525-fjordpipe013

Solheim Olsen gratulerte med navnet og sa at det er slike bedrifter som Fjordpipe Flora treng for å utvikle seg vidare. Med alle tidlegare fotballsupportere rundt seg måtte han også nevne at han hadde mange gode minner frå fotballbana litt lengre inne. Jon Sande takka Solheim Olsen for oppdraget og overrekte blomster.
20110909-525-fjordpipe038

Malvin Horne i reklamebyrået A til Å har hatt eit godt samarbeid med EMV med utviklinga av den nye profilen. Oppdraget gjekk i første omgang ut på å utvikle heimesida, men i prosessen vart det bestemt å bytte navn og bygge merkevaren rundt eit navn som er enkelt og kling godt. Resultatet er nytt navn, ein ny logo, nytt reklamemateriell og ny heimeside - www.fjordpipe.no
Jon Sande takka også Malvin Horne og hans medarbeidere for samarbeidet
20110909-525-fjordpipe042

Jon Sande takka først og fremst arbeidarane for den posisjonen bedrifta har klart å opparbeide seg. Fjordpipe vil no gå inn i ein periode der dei er meir offansive på markedsføring for å bli meir synleg i marknaden.
20110909-525-fjordpipe041

For å feire det nye navnet vart det sjølvsagt skåla med sjampagne
20110909-525-fjordpipe050

Og kake høyrer også med til feiringa.
20110909-525-fjordpipe054

Fjordpipe har 30 ansatte, men har i tillegg 105 innleigd på lnningslistene. Dei er dermed den største arbeidsplassen i Eikefjord.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2