Romjulsleiva er ei høgtideleg fotballturnering som vart arrangert fyrste gong 29. desember i det herrens år 2001. Turneringa er tufta på mimring om Eikefjord skule og gymsalen der. Mange garva fotballspelarar sit att med opplevingar i frå gymsalen som er djupt spikra inn i sinnet. Einskilde i Eikefjorden med diagnosen posttraumatisk stressliding, har ved fleire høve nemd fotballspel i gymsalen som ein av faktorane som kan ha ført til lidinga. Historier om sveitte treningsøkter, finter med påfylgande strekk og taklingar opp i ribbeveggane så blodet sprutar er mange.

Les meir hos Eikefjord-fotball