Utskrift
Treff: 1472

Med desse enkle orda forklarer Reidar Øren si heltegjerning for 57 år sidan. Han redd kameraten Oddleiv Humlestøl frå å drukne etter å ha gått gjennom isen på Løkkebøvatnet.

Oddleiv ville gå på skøyter denne dagen og hadde sett ned ein stav for å markere grensa for trygg is. Oddleiv fekk for stor fart i svingen og kom ut om skistaven og gjekk dermed gjennom isen. Reidar, som var 12 år, og dei tre eldre søskena hans stod på land og såg på. Reidar sine eldre søsken trudde Oddleiv var på grunt vatn, men Reidar forsto at Oddleiv var på djupt vatn og kunne drukne.

Reidar Samla saman skistavane og laga ei lekkje. På denne måten kom han seg ut til Oddleiv og fekk dratt han opp av vatnet.

Foreldra til Oddleiv og Reidar fekk ikkje høyre om uhellet. Då ville ikkje dei ha fått lov til å leike på isen meir. Det var først for 10 år sidan at hendinga kom fram i lyset igjen. Svigerinna til Oddleiv meinte at Reidar fortjente ei påskjønning for heltedåden og sende ein søknad til livredningsselskapet.

Lørdag 10. desember var ordførar Bengt Solheim-Olsen på ei tilstelning til ære for Reidar Øren og overrekte han diplom og pin frå Norges Livredningsselskap.

Les meir i Firdaposten lørdag.