Ambulanse og brann rykka ut etter melding om trafikkuhell på RV 5 på Grov. Ein bil  som køyrde vestover hadde fått sleng og komme over i mottsatt køyrefelt. Det var to personar i bilen som køyrde austover og ein person i bilen som køyrde vestover. To personar vart tatt med til lækjar for kontroll. Det var snø og slapseføre på staden. Saka blir etterforska av Flora politistasjon. Vegen vart ikkje sperra, melder politiet
Les også Firdaposten, Firda og NRK S&Fj