Nedbøren natt til laurdag grov djupe furer i grusen på fleire av dei kommunale grusvegane i området kring Eikefjord. Mellom anna på Knapstad, Løkkebø og på Hatleset.
- Vi har vore og sett på Løkkebøvegen, og allereie tysdag skal to mann innover for å reparere alle desse vegane. Vi har dette under kontroll, seier fagleiar veg og park Sigmund Solheim i Flora kommune til Firdaposten.
Kilde: Firdaposten