Politiet fekk like før klokka 22 melding frå AMK om at det hadde vore ei traktorulykke i Svardalen på fylkesveg 541.

Det er ungdommar i tenåra som har køyrt traktoren. Den har hamna utfor vegen og har trilla nedover ei skråning. I følge politiloggen er det ikkje alvorlege personskader. Ein veit ikkje den eksakte alderen på dei tre ungdommane, men det er ting som tyder på at dei er for unge til å køyre traktor.