Utskrift
Treff: 966

Paret som mista fotokameraet sitt i Eikefjord blei overlykkelige når dei fekk beskjed frå Hans Endestad at kameraet var spora opp. Ei ærleg sjel hadde levert kameraet inn på In-spire og når det vart etterlyst på Eikefjord.net søndag varte det ikkje lenge før Hans fekk beskjed om at det låg eit kamera på In-spire.
Ved kryss-sjekk av kameratype og bilder kunne det tyske paret konstatere at det var deira kamera. Hans forklarte at slik er det i Norge, ærlege folk som hjelper kvarandre.