Vi oppmodar deg til å springe med i beste Forrest Gump-stil i minimum 10 kilometer under motivasjonsløpet «Løpekongen Mensen Ernst gjennom fylket på sju dagar» 13.-19. september og få to fribillettar til teaterframsyninga «Mensen Ernst - løpekongen frå Sogn» av Otto Homlung. Registrer deg hos Kjell Mjelleli i følgebilen til SoFt.

Informasjon om løpet finn du her:

http://softeater.no/motivasjonslp

Informasjon og spelerute på teaterframsyninga finn du her:

http://softeater.no/mensen-ernst/

Idrettspris
Alle som er medlem av dei lokale idrettslaga får «idrettspris» til framsyninga. Det betyr at du får kjøpe billett til 150 kroner (ordinær pris 200 kroner, billettavgift på maks 20 kroner kjem i tillegg). Gi beskjed om at du skal ha idrettspris der du kjøper billettar.

Idrettsaktivitetar og foredrag
Laurdag 14. september i Eikefjord og ankomst  er beregna til 1510.
Frå 1330-1500 er det idrettsaktivitetar på Eikefjord stadion.
Kl 1800 har Ken Halstensen foredrag på in-Spire med tema: Trening og ernæring

FJELLET

blanipa1.jpg

Eikefjord

20150917-betnene.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com