2012-senior-fest-250I morgon laurdag kl 20 brakar det laust med årsfest for idrettslaget og resten  av bygda!

Bli med du og!

 

Idrettslaget vil samle idretten og bygda til ein hyggeleg Årsfest for Eikefjord Idrettslag Laurdag 26.10.13 kl 20.00 på Alhuset!!!

Kva er vel bedre enn å samles over god mat, god drikke og hyggeleg selskap og gjere stas på oss sjølv og kvarandre for den aktivitet og prestasjon som ein sjølv eller andre har oppnådd i året som har gått?????

Påmelding…sjå lengre ned!!

Det vil verte servert Tapas mat og mulighet for å kjøpe god drikke i baren.

Du trenger absolutt ikkje å ha vore så veldig aktiv sjølv for å delta, her kan i alle bygda  melde seg på!

Det vil verte utdeling av prisar og merksamder, og EIL vil tørke støv av ein litt forelda tradisjon og gje Idrettspris til ein ungdom som har merkt seg ut til å få ein litt større merksemd.

Bindande påmelding : sms/telefon: 95967753 (Silje Fraas Øren).

Pris: 250,- pr pers. Betales ved inngang.

Hjerteleg Velkommen til eit festleg lag!!!!

Dersom nokon lurer på antrekk, så er vel dressjakke og dongeribukse/finbukse ein vinnar trur vi.

Sjå her for bilete frå festen i fjor.