Måndag starta arbeidet med å montere opp to nye fartsboksar i Naustdalstunnelen. Dei reisande har hatt opp til ein halv times ventetid for å følge ledebil gjennom tunellen.

Boksane fungerer på same måten som dei gamle fotoboksane. Vegvesenet har foreløpig ikkje planar om å installere utstyr for måling av gjennomsnittsfart i Naustdalstunnelen.