Brannmennene i Eikefjord20131224-250-brann var idag samla på brannstasjonen for å ha alt utstyr klart for julehelga. Dei har fått ny stor brannbil med ein kapasitet på godt 14 tonn vatn. I tillegg har dei også fått eigen båt for bruk i redningsoppdrag.

I tillegg til å ønske alle ei god jul, ber dei om å sleppe å komme på besøk med blålys.

Pass godt på stearinlysa er helsinga derfrå.

 

Brannmennene i Eikefjord har ansvar for indre deler av Flora kommune. Dei dekker område frå Sundefjellstunellen og innover. Nordalsfjorden er også med i dette området. I tillegg rykker dei ut til både Naustdalstunellen og Magnhildskartunellen for at det skal være mannskap i beredskap i begge ender av tunellane. Dei er 10 mann ansatt i Eikefjord der Ottar Akselsen og Ole Jonny Havn har ei fartstid på 28 år i tillegg til den tida dei som gutar berre var med på utrykningane.

Her er dei fleste av brannmennene i Eikefjord samla foran den nye tankbilen.
20131224-600-brann

Etter den dramatiske redningsaksjonen i Blåmannsvatnet kom det også på plass ein mindre redningsbåt som brannvesenet disponerer og som dei enkelt kan ta med seg på oppdrag.
20131225-600-redningsbat

Brannmennene i Eikefjord ønsker alle ei god jul.

Vi som skriv på Eikefjord.net vil også ønske alle ei god og fredfull jul.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2