Ein stor dag nærmer seg for Eikefjord IL. Turstiane på nordsida av Eikefjord blir offiseielt opna på Rasteplassen i morgon onsdag 17/9 kl 17.

Det er også ein stor dag for prosjektkomiteen, Per Endestad, Lars Fraas og Odd Asle Endestad som har jobba mykje med prosjektet. Dei har tatt seg av alt frå administrativt arbeid, søknader og ikkje minst praktisk arbeid. Skigruppa og Fotballgruppa har også vore aktive på dugnadsfronten.

Leder i Idrettslaget ber dei som har mulighet til å parkere i sentrum og ta trimturen opp på Rasteplassen. Det kan bli trangt på parkeringsplassen om alle køyrer opp med bil.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2