Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Gløym husarbeid, trening, mann og barn, no er det tid for In-spire’asjonskveld i Eikefjord.
Søndag 23 November må du sette av til deg sjølv, og ei god venninne, latter, den gode praten, litt øverst i glasset og masse inspirasjon, for da kjem Trude og jentene på Hair e` Vi. Dei har krølltanga og make-up bagen med, og masse triks i ermet.
Viste du at salongen er sertifisert av den kjende make-up artisten Fred Hamelten, hvis bryn er såååå ettertrakta at han har fleire års venteliste, og har navn som Rhianna, Beyonce og prinsesse Marta Louise på kundelista.
I tillegg har Gunnhild utdanna seg på Tone Lise akademiet, til å legge Vippe Extensions og er klar til å ta imot kunder på dette.
Som om ikkje dette er nok, er Hilde og Janne i ferd med å avlegge eksamen som make-up artist hos Frisørinstituttet i Bergen. Det betyr at dei tar oppdrag på show, og artistmakeup, så vel som brud og selskapsmakeup.

Det blir sjølvsagt fokus på kle og mote, og god anledning til å kose seg med herlig selskap. Ta med deg naboen og ta del i denne vakre novemberkvelden.

Det blir lett underholdning, og sjølvsagt noko godt å bite i.
Fri inngang, ingen påmelding.

FJELLET

Strandanipa.jpg

HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com