Litt etter kl 5 natt til torsdag fekk nødetatane melding om brann i Barlindbotn. Det var først melding om at eit bustadhus brann, men det viste seg at det var garasja som stod tett ved bustadhuset som brann. 

Brannvesenet konsentrerte seg om å hindre brannen å spre seg til bustadhuset. Når dette var sikra sløkte dei brannen i garasja. Eit uthus like ved gjekk også med i brannen.

Huseigar søkte tilflukt hos ein nabo og vart seinare på morgonen kjørt til sjekk på sykehus på grunn av ubehag.