20161125 300 Idun 001Sogn og Fjordane Teater ønsker velkommen til Eikefjord kyrkje fredag 9. desember kl 19:00.

"Juleevangeliet - Miriam si forteljing" er ikkje juleevangeliet slik vi er van med å sitere det i høgtidsstemt feiring.

Juleevangeliet blir levandegjort på ein heilt ny måte i Håvard Rem si dikting. Her opnast eit landskap rundt denne historia. I Miriam si augevitneskildring får vi tilgang til både dei historiske tilhøva rundt, og dei menneskelege relasjonane i og ikkje minst den sterke relevansen som melder seg rundt denne historia.

Det er fyrst og fremst den sterke fredsbodskapen i forteljinga om Jesu fødsel som kling igjennom Idun Losnegård si sterke formidling av korleis ein fattig og utsatt familie vert utfordra og velsigna av å skulle ta imot og fostre opp Messias.

Framsyninga vekslar mellom intime tankar, glede og uro - og den politiske og historiske himmelen som spenner seg over dei.

Dette er ei framsyning som gjev høve til refleksjon og som set jula sin bodskap i eit inderleg og nytt lys.

Om framsyninga seier Firda: "Det viste seg å vere ei overraskande potent innsprøyting med julestemning, formidla med sjeldan god overtyding"...."Miriam slår deg fort som ei over snittet kvikk dame. Skodespelaren Idun Losnegård må også seiast å vere av det ressurssterke slaget, når ho leverer 50 minutt tettpakka med ord, ansiktsuttrykk og kroppsspråk, utan å på noko tidspunkt å vise teikn på at hugset sviktar"..."Ei slik framsyning vil alltid stå og falle på innlevinga til skodespelaren, og Losnegård leverte med glans"

Billettar kan kjøpast her:

https://softteater.ticketco.no/juleevangeliet__miriam_si_forteljing_eikefjord_kyrkje

Billettar kan og kjøpast kontant eller med kort i døra

Grupperabatt på over 5 personar: 200,- pr bill (inkl. bill.omk)

Grupperabatt pensjonister på over 8 personar 130,- pr bill. (inkl. bill.omk)

Velkommen til ei fin framsyning med Sogn og Fjordane Teater.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2