Plutseleg er den her igjen. Julebua opna igjen i gamle bakarbutikken denne veka av nokre kreative damer. Dei er på butikken mellom kl 11 og 17 frå mandag til lørdag fram til 22. desember.
Damene har forskjellige hobbyar som det blir mykje fint ut av. Alt frå pyntegjenstandar til labbar, hardangersaum og klede. Det er topp kvalitet på varene og det meste er langt billigare enn du forventar av slike kvalitetsvarer.
Ta deg ein tur innom for ein god julehandel eller ein god prat.
Eit lite utvalg ser du nedanfor.