16. til 18. august blir årets Eikefjorddag20180819 250 efjdagar arrangert.

Grunnmuren i arrangementet er spikra og leiar i grendalaget Silje Fraas Øren kan love kyrkjekonsert, mykje sang og musikk, boder, leikar og mykje moro for liten og stor.

Etter ønske frå publikum vil grendalaget flytte noko av arrangementet tilbake mot sentrum. Blandt anna blir det ope hus "Under Bakkane" eller "Lien-huset" der ein kan vandre rett inn i 60 talet.

For dei minste kjem Thoris Supergutt att med sitt barne- og familieshow. Sjølvsagt  er også Gråtass på plass og tar sine runder rundt i bygda.

– Eikefjorddagane skal først og fremst vere eit lågterskeltilbod for småbarnsfamiliane som også er kjekt for dei vaksne. Folk skal komme inn hit og lade batteria, seier Silje.

Les også Firdaposten