Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Vi har gleda av å invitere til motbakkeløpet Hovlandstølen Opp, som er det andre løpet i INC Eikefjord Løpskarusell 2019.

DATO / STAD:
- Laurdag 1. juni 2018
- På vegen (ved garasje) ovanfor Eikefjord Stadion i Eikefjord.

DISTANSAR / STARTTIDER:
- Distansar: Hovudløp, mosjon og barneløp.
- Kl. 10.30: Start mosjon.
- Kl. 12.30: Start barneløp (ved målgang på Hovlandsstøylen)
- Kl. 13.00: Start konkurranseklassar.
- Oppmøte / utdeling av startnummer skjer ved Eikefjord Stadion seinast 45 min. før start.

PÅMELDING / BETALING:
- Påmelding på e-post til: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
- Ver snill å melde: namn, fødselsår, distanse, bustad og evt. klubb.
- Du vil få ein e-post som stadfestar at du er påmeldt.
- Kontonummer for betaling: 3775.13.04197 (Eikefjord Idrettslag, 6940 Eikefjord). Ver snill og skriv "namn på den/dei du melder på + Hovlandstølen Opp 2019" når du betaler i nettbank.
- Påmeldingsfrist: 30. mai
- 31. mai og 1. juni: kr 100,- ekstra (ingen gebyr for sein påmelding i mosjonsklassen og i barneløpet).

PÅMELDINGSAVGIFT (inkl. NFIF-lisens):
- Konkurranse (vaksne): kr 250,- (kr 220,- om du har kjøpt heilårslisens).
- Konkurranse (ungdom, 13-17 år): kr 100,- (kr. 80,- om du har kjøpt heilårslisens).
- Mosjon: kr 50,-
- Barneløpet: kr 20,-

PREMIERING:
- Deltakarmedaljer til alle.
- Premiering av klassevinnarane.
- Flotte gåvepremiar trukke på startnummer.
- Dei som deltek i minst tre av årets fire karuselløp får utdelt ein karusellpremie for 2019 etter det siste løpet (19. oktober).
- Kr 5 000,- for nye løyperekorder i herre- og kvinneklassen.

TOALETT / GARDEROBE:
- Ved Eikefjord stadion.

TRANSPORT:
- Det går rutebuss fra Florø og Førde.
- Søk på www.kringom.no/entur.no

PARKERING:
- Ved Eikefjord Stadion.

KIOSK:
- Open kiosk ved målgang på Hovlandstølen.

Vi ynskjer deltakarar og publikum hjarteleg velkomne til Eikefjord! :)

Vanleg helsing,
Eikefjord IL - Friidrett

FJELLET

Strandanipa.jpg

Eikefjord

20131012-knapstadst.jpg

HALLEN

20170401-basket.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com