Under Eikefjorddagane er det mykje kjekt for ungane som skjer. Ansiktsmalinga vert i gamle frisørsalongen til Vivians hårdesign, og bak bygget kan ungane få prøve å køyre gravmaskin. Ved kaia ligg Eliasbåten så dei som vil prøve den kan få seg ein tur. Gråtass vert å finne i sentrum, av og påstigning ved bussstoppet ved In-spire. Brannbilen tuter gjennom sentrum og av og påstigning er utenfor Mestermo eller ved innkøyrsel til Langedalskaia.
Kongletoktet går ifår Langedalskaia, dei tar kun 35 stk per tur.
Ved skulen har vi dyreutstilling og hesteridning, og 4H har sett opp sine populære telt der det vil foregå mykje kjekke aktiviteter. 
 
Barneaktivitet