Utskrift
Treff: 293

20190816 250 ostenstadEikefjorddagane starta fredag ettermiddag med mykje folk i hallen som berre venta på at kakebordet skulle opne.

Før den tid vårt vi underholdt av mykje fin dans, skulemusikken og ikkje minst utdeling av Eikefjordprisen.

Ole John Østenstad, kommunedirektør i den nye Sunnfjord komune opna Eikefjorddag. Han trakk fram at Eikefjord er midt i sentrum for den regionen som kjem til å vekse framover. Ta vare på samarbeidet og samholdet i bygda, det er noko av det som gjer Eikefjord til paradiset i Sunnfjord.

 

Eikefjordprisen i år vart tildelt Magnar Sunnarvik for det arbeidet han har lagt ned for bygda i alle år. Han har hatt posisjoner både i idrettslaget, politikken og grendalanget og vore ein sentral person i mykje av utviklinga i Eikefjord. Gratulerer.

20190816 600 magnar