Utskrift
Treff: 85

Eikefjord Ungdomslag har hatt innbrot i dei nye ungdomslokala. Vi er kome i ein frykteleg kjedeleg situasjon der nokon har tatt seg inn i lokala til ungdomslaget og stole den nye PlayStation 4 med to kontroller som vi kjøpte inn til ny-opninga vår i mai.

Dette har en verdi på over kr. 6.000,- og for eit lag med allereie pressa økonomi er dette berre trist. I tillegg er det mange kjekke ungdommar på klubben som ikkje får sett tv eller spelt spel på klubbkveldane framover.

Tjuveriet har funne stad ein gong mellom 20.09.2019 og 04.10.2019. (Det var ikkje ungdomsklubb fredagen i haustferien) Vi oppmodar foreldre og andre om å sjekke om dei har fått ein ny spelekonsoll i hus, og ber innstendig dei som har tatt eller «lånt» den om å levere den tilbake.

Forholdet vil verte meldt til politiet over helga dersom ikkje konsollen og kontrollane vert tilbakelevert innan måndag.

Det har vore eit problem sidan vi tok lokalet i bruk at brukarar av ETS (Eikefjord Treningssenter) har hatt tilgang til lokala med sine nøkkelkort gjennom døra som skjel disse to lokala. Dette problemet at vi tatt opp med Flora kommune ved fleire høve, men ingenting er blitt gjort!

Vi vil berre poengtere at INGEN skal ha tilgang til dette lokalet utan avtale, og at det KUN er medlemar av styret i Eikefjord Ungdomslag som har lov å nytte denne døra. (Døra er ein nødutgang som ein berre kan bryte ved ein nødssituasjon)

Det er kun om fredagane ifrå kl 20.00 at det er ungdomsklubb i tillegg til ei elevbedrift måndag ettermiddag. Vi oppmodar brukarar av ETS om å sjekke at ikkje nøkkelkort er på avvege, eller at junior har «lånt» det. Vi prøver å nøste opp i saka med å sjekke kva kort som er brukt på denne døra, og kjem til å ta kontakt med dei dette gjeld. Vi håper at vi kjem oss ut av denne situasjonen utan å involvere Politiet, og at dei som har tatt eller lånt Playstation leverer den tilbake like heil.