Utskrift
Treff: 58

Sparebanken Sogn og Fjordane har gitt Eikefjord grendelag ei pengegåve på 50.000 kroner. Dette dekker ein del av kostnaden ved å legge asfalt langs den mykje brukte promenaden som går frå Eikefjord sentrum til miljøstranda. Det går også til å ruste opp møteplassane med benkar langs promenaden, fortel grendelagsleiar Silje Fraas Øren til Firdaposten.

– Eg heiv meg rundt og ringde entreprenørar så fort eg fekk stadfesta at Sparebanken Sogn og Fjordane ville gi oss 50.000 kroner. Håpet er å få det gjort før vinteren, seier Øren.

– Dette er difor vi støtter dette tiltaket: Det er ingen bygd i Norge som har større dugnadsånd og gjennomføringsevne enn Eikefjord. Få andre er like flinke til å hive seg rundt og få folk med seg, seier Aukland.

Les meir i Firdaposten

.