Utskrift
Treff: 126

20200115 300 kryssknapstadI forbindelse med transport av vindmøllene frå basen i Florø til Magnhildskaret er det gjordt ein stor studie på transportvegen. Alt frå fjerning av skilt, utviding av vegen, rydding av skog og flytting av rekkverk er tatt med i rapporten.

Mange har lagt merke til at krysset på Knapstad er utvida. For å sleppe å legge det meste av grøntareal i krysset på Grov under asfalt vil transporten i staden gå inn til Knapstad. Her snur transporten og køyrer ut at til Grov. Totalt 36,6 km ekstra med eit vogntog på over 60 tonn.

 Den lengste transporten er blada til vindmøllene. Her er totallengda på transporten nesten 71,6m og vekta er over 60 tonn.

20200115 600 transport

Den tyngste delen er huset på toppen av vindmølla, her er totalvekta på transporten over 100 tonn. Rapporten omtaler ikkje kor mange av transportane som må innom Knapstad for å snu.