Utskrift
Treff: 227

NCC20200121 300 ncc Industri AS planlegg å setje opp eit mobilt asfaltverk på Nesjane i Eikefjord. øremålet er å forsyne marknaden i Flora og nabokommunane med asfalt.

Dei har søkt om konsesjon for to år. Ved ein eventuell forlenging vil det bli søkt om konsesjon for permanent anlegg.

Asfaltanlegg er underlagt strenge regler for støy og utslepp av støv. I følge NCC bruker dei å ligge langt under desse krava og har ikkje fått klage på anlegg i drift.

Hovedgrunnen til å velge Nesjane er plasseringa sentralt i Sunnfjord, tilgang til stein og at området er regulert til industri. Dessuten ligg området tett intil RV5 som er hovedvegen mellom Florø og Førde.

Trafikken på den komunale vegen i Kvalvika vil bli ca 1 bil med bitumen (olje) og mellom 12 og 18 biler med asfalt i døgnet. Når steinen blir brukt til asfaltproduksjon på Nesjane vil ein sleppe transport av stein ut av anlegget, så kor stor økning av trafikken vil bli over tid er usikker. NCC kan også utestenge firma som ikkje overholder fartsgrensa på staden.

Asfaltverket treng ca 75 000 tonn stein i året. Dette skal sprengast ut og knusast på staden. Kinn kommune held i desse dager på med konsesjon til uttak av stein på ei av tomtane på Nesjane. Konsesjonen forutset at ein følger lover, blandt anna forurensingslova som set krav til både støy og støv hos naboar.

Støvplager frå slike steinknusing og lessing av stein på asfaltverket kan reduserast ved bruk av vanntåke. Ulempa er at vatnet må tørkast ut før steinen går inn i blandeverket.

NCC trur at skepsis til asfaltverket er grunna i det ukjente. Dei ville gjerne stille opp i eit oppfølgingsmøte med bygdefolket etter at anlegget har vore i drift i eit par år.