Prosjektet med tursti i Sørmarka er komme godt igang. Dugnadsgjengen har rydda skog fleire lørdagar på rad. 

20200403 250 turskoDet har også vore arbeid på Nordre Reineveg med gravemaskin. Vegen frå Skaret og innover er fiksa med gode grøfter og vegbane godt heva.

Det er eit problem med denne planeringa. Massen som er brukt er blaut og må få tid til å tørke ut før den blir brukt. Vegen er no mykje verre enn før, men vil etter kvart sette seg. Ver vennleg å gå mest muleg utenom det som no nyleg er planert.

Skotøyet må også velgast med omtanke når ein skal gå Nordre Reineveg no. Ikkje still i slike sko som denne karen som var invitert på synfaring.