norskeflagg17.mai feiringa vert noko annleis i år enn det vi er vande med. Med bakgrunn i dei nasjonale smittevernråda er det tradisjonelle arrangementet i Eikefjord avlyst.

Arrangementkomiteen har oppretta ei Facebook-side, og satt saman eit alternativt program for dagen.

Program
07:00 Salutt ved Tommy Sæterlid, Ramsdal Maskin
07:00 Start fjelltur til Vikanipa, oppmøte skogsvegen - Sunnarvik
07:00 Start fjelltur til Strandanipa, oppmøte Rasteplassen
08:00 Start fjelltur til Eikefjordstøylen, oppmøte Rasteplassen
09:00 Markering på Vikanipa, Strandanipa og Eikefjordstøylen
13:00 Felles nasjonalsong med resten av Noreg

Isbilen kjem i løpet av dagen ?


Digitale bidrag
Tale og underhaldning ved elevar 5. og 8.klasse (Opptak)
Gudsteneste Eikefjord kyrkje v/ Dag Leirvik (Opptak)
Kransnedlegging og tale v/ Jarle Storevik (Opptak)
Konkurransar Kåring av vinnarar dagens konkurransar

Fjellturane blir arrangert av 17.mai komité og Idrettslaget. Tur denne dagen blir honorert med ekstra poeng i turappen til idrettslaget.
Påmelding pr sms til respektiv turleiar innan 16. mai kl. 20.00
Vikanipa: Turleiar André Høyset – påmelding til sms 91520807
Strandanipa: Turleiar Per-Øyvind Sørbø – påmelding til sms 48024999
Eikefjordstølen: Turleiar Inger-Johanne Sørbø -påmelding til sms 92265154

Vi ønskjer å markere dagen til fjells på toppen og skape ei kjensle av 17.mai, så vi oppmodar alle om å ta med festklede i sekken og delta på gruppebilde og videostrauming.


17-mai komiteen ynskjer alle ei fin, utradisjonell 17-mai feiring!