For fleire år sidan laga naboen til Marta og Arild Vågane ein murkant i avkjørsla som Arild Vågane laga for over 40 år sidan.

Murkanten er vurdert av både Vegvesen og fylkeskommune. Vegvesenet har vingla i sine besluttningar om avkjørsla, men Vestland fylkeskommune har no tatt ei endeleg beslutning.

"Etter ei heilskapleg vurdering av dei faktiske forholda på staden finn me at avkøyrsla står fram som trafikkfarleg ved at den er uoversiktleg, med dårleg sikt og dårlege tilhøve for drenering", skriv fylket, og listar opp fire punkt må rettast opp: Køyretøy som står parkerte i avkøyrsla må fjernast, då dei er i fare for å bli påkøyrde. Den delen av muren som står i tryggleikssona (fem meter frå vegkanten) til vegen, må fjernast. Avkøyrsla må strammast opp, slik at inn- og utkøyring skjer vinkelrett på avkøyrsla og der det er best sikt. Dreneringa må utbetrast, slik at vatn frå dreneringsrøyr blir ført vidare.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2