12 juni skriev Eikefjord.net om fiskedød i Sørelva. No har kommunen fått svar på vassprøvane dei tok.

– Vassprøvene viser at det er påverknad frå gjødsling, men det er ikkje unormalt høge dosar på nokon måte. Og vi har heller ikkje funne noko punktutslepp der nokon har dumpa noko ulovleg i elva. Så det vi reknar som årsaka er den samla belastninga frå varmen og tørken, som både har gjort at det blir lite oksygen og ein algeoppblomstring. I tillegg er det eit lite, relativt flatt vassdrag med i hovudsak veldig stilleståande vatn og lite vassføring, seier Moen til Firdaposten .

Det  har også sendt inn ein av dei daude fiskane til STIM for testing. Ho reknar med at dei vil få eit svar på denne testen over sommaren.

Kilde: Firdaposten