20200801 300 turEikefjord IL har frå 6.april til 31. juli hatt gåande eit prosjekt der deltakarane kunne samle trimpoeng rundt Eikefjord. Turane har vore lagt opp svært variert med turar i sentrumsnære områder, men også i bygdelaga rundt Eikefjord.

Totalt var det lagt ut 51 turposter med eit spenn frå Sundefjellet, Sandvika, Steindal, Ramsdalsheia, Løkkebø og Blånipa. 

"Poengruta" vart Inste og Yste Knapstadstøylane, Knollane, Eikefjordstøylen, Hovlandstøylen,  Kvalvikstøylen, Bakkane og brua på Stien. Denne turen gav 45 poeng og vart mykje nytta.

 

Det var heile 385 som har deltatt i turprosjektet. Der den ivrigaste, Monica Knapstad, sanka heile 4002 poeng. Ho seier det har vore utruleg kjekt og har utfordra ho på ein måte ho sjølv ikkje trudde var muleg. No vil ho fortsette å gå turar for dette gjer godt.

Dei som har deltatt i konkurransen har heile tida hatt oversikt over korleis dei låg på poenglista. Dette har nok vore ein spore til konkurranse og hjelpt til at folk har komme seg ut av sofaen og ut på tur. Det kjekkaste med oversikta over turpoeng er å sjå spredningen i alder på turdeltakarane. Her finn du alt frå dei godt under 10 til dei som har passert 80.

Bygda kan rette ein stor takk til Idrettslaget som tok dette iniativet i desse korona tider. Med den suksessen tiltaket fekk kan vi berre håpe at idrettslaget får til eit tilsvarande tilbud til alle som ikkje vil trene inne, men ute i naturen og til tider dei sjølv bestemmer.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2