20200828 300 bruTurstiprosjektet i Sørmarka kom denne veka eit langt steg mot ferdigstillelse. Bruene frå Brødrene Aa vart levert og montert. No kan vi endeleg ta turen uten å vasse gjennom Sørelva. Prosjektledelsen smilte frå øyre til øyre når dei kunne spasere trygt over bruene.

No gjenstår litt grusing før stiane blir offisielt opna neste lørdag kl 14. Bli med og opplev desse fine stiane i ein trollsk natur.