Endeleg var dagen her for dugnadsfolket og prosjektledelsen. Tursti Sørmarka var ferdig og kunne opnast. På Reinene oppe på Sørbøen kom mykje folk og ville bli med på den store dagen. Leiar i idrettslaget, Per Øyvind Sørbø, leia arrangementet frå velkommen tale til snorklipping og tur på stiane.

20200905 600 velkommen

Gjensidigestiftelsen har stilt med over 200 tusen kroner i prosjektet. Elisabeth Solheim forklarer kvifor Eikefjord Idrettslag oppfyller alle krav til å få ein så stor pott av pengesekken til Gjensidigestiftelsen.
20200905 600 gjensidige

Også grendalaget ville være med på gavedrysset. Grendalaget gav ein benk i gave som skal settast på ein fin plass langs stien. Stiprosjektet vil nok også være ein god kandidat til årets Eikefjordpris om den blir utdelt for 2020.
20200905 600 grendalaget

Som ei overrasking til Per Øyvind kom Solveig Svardal på scena. Ho overrakte Per Øyvind ei gave for hans engasjement, gjennomføringsevne og pådrivar for heile Eikefjorden. Prosjektleder Odd Asle kan stadfest at det er moro å jobbe i prosjekt med Per Øyvind. Her er det framdrift og gode løysninger som står i fokus.
20200905 600 per

Snorklipping med Agnar Eikefjord som representant for grunneigarane, Prosjektleder Odd Asle Endestad som representant for dugnadsgjengen og Elisabeth Solheim som representerer Gjensidigestiftelsen.
Agnar har også vore til god hjelp i planlegginga av stien, med hans hjelp har vi funne traseer som alle er fornøgde med.

Turstien er offisielt opna.
20200905 600 snor

Og så er det tur innover Nordre Reineveg.
20200905 600 tur

Vi stopper ved brua som er produsert og gitt i gave frå Brødrene Aa. Den bærande konstruksjonen og brudekket er produsert i karbon/sandwich. Dette er eit av dei mest moderne konstruksjonsmaterialane som er i bruk. Rekkverk er laga i meir vanleg glasfiber materiale.
20200905 600 brua

Det er god plass til barnevogn på bruene. Design av bruene har Odd Asle Endestad stått for, medan Anstein Aa i Brødrene Aa har stått for detaljutforming og styrkeberegning.
20200905 600 barnevogn

Som ein ser ut frå bildene var det til tider ein regnfull dag, men dei oppmøtte kosa seg og smilte frå øyre til øyre for den flotte turstien som Eikefjord har fått.

 

Alle bilder: Margunn Eikås Endestad

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2