RodneAmbulanseBrødrene Aa skal igjen bygge båtar i Eikefjord. Etter oppkjøpet av verftet i Eikefjord har dei laga strukturar som har vorte eksportert til Kina, men no skal dei bygge heile båten ved verftet.

– Det var vel på tide, det er snart 30 år sidan det kom nybygg frå Eikefjord, seier administrerande direktør i Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa, til Firdaposten.

Aa fortel det delvis kjem av kapasitetsutfordringar ved anlegget i Hyen, men målet er å bygge nybygg også i Eikefjord i åra framover. Det betyr at dei har behov for fleire folk, og no søker dei etter folk i produksjonen.

Det er reiarlaget Rødne som har bestilt nybygget dei no skal i gang med. Dei skal ha ein ambulansebåt som skal gå i rogalandsbassenget. Det er ein 22 meter lang katamaran dei er ute etter, og den skal byggast opp frå grunnen av på beddingen i Eikefjord.

Satsing frå Brødrene Aa er gode nyheiter for eikefjordsamfunnet. I dag er det om lag 50 personar som har sitt daglege virke under taket på Nesjane og bedrifta har eit godt samarbeid med grendalaget som har vore flinke til å få tilflyttarar til å kjenne seg heime i bygda.

Les meir i Firdaposten

FJELLET

Strandanipa.jpg

Eikefjord

20150517-toget.jpg

HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com