bakeriet ny veggI helga har det vore hektisk aktivitet ved det gamle bakeriet på Sørbøen. Kledningen mot vegen er bytta ut og bakeriet har no fått fin villmarkspanel og etter at bildet blei tatt er bakeriet også måla.

Bakeriet er det første bakeriet i Sunnfjord og har dermed stor historisk verdi. Ser ein bak bordkledningen ser ein korleis huset er bygt opp.

bakeriet bakarovnenDen vedfyrte bakarovnen er bygt opp med naturstein og fyller mest heile den delen av huset som har skråtak.

Her skal det nok brukast ein del ved før temperaturen er oppe så det kan steikast brødvarer i ovnen.

Sjølve huset kan ein dele inn i to. Ein del som sikkert er den orginale størrelsen på bakeriet har tømmervegger.

Så er ein del mot Sørbøen med vanleg stendardverk. Dette er sansynleg vis ei utviding etter at bygget vart oppsett. I denne delen av bakeriet vart veden lagra når bakeriet var i drift.

bakeriet bygg