Turstiane tar form
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 1327
I forbindelse med at Sparebanken Sogn og Fjordane gav 50 000 til stiprosjektet i Eikefjord fekk Lars Terje Standal vise fram dei flotte stiane som er ferdige. De har komme mykje lengre enn eg hadde venta, seier Ole Aukland i Sparebanken.
Kartet viser dei stiane som ein har hatt mest fokus på no i starten, men også dei andre stiane på nordsida er forventa å stå ferdig til sommaren.
Brann på Endestad Camping
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 2806
Like etter klokka ni måndag morgon vart det meldt om eit branntilløp i ei hytte på Endestad Camping. Personen som leiger hytta var på veg til Florø, då hytta hans tok fyr.
– Hytta er totalskadd. Den ser bra ut utvendig, men ikkje innvendig. Det kan sjå ut som brannen har starta i stova, seier eigar av campingplassen, Hans Endestad til Firda.
Årets Julepresang?
- Detaljer
- Skrevet av SiljeF.Ø
- Treff: 2906
Det er fortsatt nokre bøker att, og dersom du har lyst å kjøpe eit eksemplar kan du gjere dette ved å kontakte Solfrid Langedal mob: 97502641 eller Kinn kyrkjekontoret tlf: 57752530. Det er også mogleg å få kjøpt bøker på In-Spire eller Spar i Eikefjord. Boka koster 200,-
Boka er skrive i forbindelse med Eikefjord kyrkje si 200 års jubileum og mykje flott arbeid er samla mellom to permar. Dette kan vere den rette julepresang til utflytta eikefjordingar eller andre interresserte. Så ikkje nøl med å sikre deg eit eksemplar av denne flotte boka som kyrkjelyden kan være stolte av. Helsing Eikefjord Soknerård.
Farlig leik med laserlys
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 1166
I 21:30 tida søndag kveld fekk politiet melding fra ein buss sjåfør som køyrde Florø - Førde at han blei blenda av laser. I Eikefjord satt det to personer i vegkanten. Politiet kom raskt til staden og traff ein mann i 40 åra og ein i 30 åra. Politiet tok beslag i laserpennen.