Turstiprosjektet
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 261
Prosjektledelsen i Tursti Sørmarka har presentert prosjektet for Firdaposten. Det var viktig for prosjektledelsen å få fram den gode dugnadsånda som folk har. Det er også eit lågterskel tilbud i flatare terreng enn turane på støylane som er svært populære.
Turstiane i Sørmarka
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 347
Prosjektet med tursti i Sørmarka er komme godt igang. Dugnadsgjengen har rydda skog fleire lørdagar på rad.
Det har også vore arbeid på Nordre Reineveg med gravemaskin. Vegen frå Skaret og innover er fiksa med gode grøfter og vegbane godt heva.
Det er eit problem med denne planeringa. Massen som er brukt er blaut og må få tid til å tørke ut før den blir brukt. Vegen er no mykje verre enn før, men vil etter kvart sette seg. Ver vennleg å gå mest muleg utenom det som no nyleg er planert.
Skotøyet må også velgast med omtanke når ein skal gå Nordre Reineveg no. Ikkje still i slike sko som denne karen som var invitert på synfaring.
Bilulykke på Knapstad
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 277
Søndag klokka 16 melder politiet om ei bilulykke på Riksveg 5 på Knapstad. Ifølge politiet er det ei singelulykke, der ein bil og ein person er involvert. Det var ifølge politiet glatt vegbane på staden. Ein person vart tatt med til sjukehuset i Førde for nærmare undersøking.
Idrettslaget avlyser "alt"
- Detaljer
- Skrevet av Eikefjord IL
- Treff: 228
Eikefjord idrettslag avlyser all organisert aktivitet i Eikefjord for å bidra til smittevern i bygda.
Eikefjord ski, fotball, handball, basket, badminton og friidrett kansellerer alle sine organiserte treningar. Florø Volleyball (som har sine treningar i Eikefjord fleirbrukshall) gjennomfører same tiltak, og avlyser alle treningar.
Eikefjord IL Friidrett avlyser gruppetreningane i hallen i kveld, torsdag 12.03.20, og stenger Eikefjord Treningssenter (ETS) frå kl 18 i kveld, og førebels til 30.04.20.
Eikefjord idrettslag vonar alle medlemmer og sambygdingar ellers vil halde seg friske gjennom pandemien. Følg FHI sine tilrådingar, hald dykk i aktivitet, og velkomen attende når vi kan møtast til trening att!