Dugnad i Sørmarka
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 465
Eikefjord IL er endeleg igang med dugnad på stiane i Sørmarka. I første omgang er det rydding av skog i traseane. Seinare blir det grusing, grøfting og anna forfallande arbeid.
Per Øyvind er anleggsleder og ønsker velkommen til fast dugnadsdag lørdager kl 9 - 12. Oppmøte på Småbåthavna.
Traseen følger stort sett vegane i Sørmarka, men det skal også opparbeidast nye traseer.
Kutt i bemanninga på Spar
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 340
Det vart ikkje den trivelegaste inngangen på 2020 for dei ti tilsette ved Spar butikken. Alle har fått brev om at dei får redusert stillingane sine. Kor mykje stillingane blir redusert avheng av ansiennitet. Dei nye avtalane vart sett i verk frå nyttår år.
Fram til no har Knut Havn vore dagleg leiar, men ikkje vore i butikken sjølv. No skal han inn som butikksjef i familiebedrifta i 100 prosent stilling.
– Vi ligg på eit tal timar som ligg høgre enn andre butikkar vi kan samanlikne oss med i kjeda, seier han til Firdaposten. – Vi ligg på eit tal timar som ligg høgre enn andre butikkar vi kan samanlikne oss med i kjeda. Dette er eit grep vi har sett at vi må gjennomføre. Vi starta prosessen i september i fjor, og no har dei tilsette fått beskjed om at dei må ned i stillingsprosent.
Han seier det er beklageleg at dei no må treffe tiltak, men alternativet er at det er kroken på døra for lokalbutikken.
Thomas Hallstensen til Odd
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 638
Thomas Halstensen (17) er truleg på veg til Skien og eliteserielaget Odd BK. No er det berre opp til klubbane å bli samde. Han reiste rett ifrå landslagssamlinga i Spania i november til Telemark og Skien der han trente med A-laget til Odd i ei veke.
– Det var overraskande proft, og folka eg møtte var veldig trivelege. Eg vart tatt i mot av spissen Torgeir Børven som viste meg rundt på Skagerak Arena, opplyser Hallstensen til Firdaposten
Fagermo uttalte til Telemarksavisa måndag at dei no var på jakt etter ein ung forsvarsspelar, og då helst ein midtstoppar som også kan spele back. – Då eg høyrde Fagermo seie dette til TA forstod eg at han meinte meg, seier Hallstensen.
Hallstensen er blitt førespegla å spele fast for Odd 2 i PostNord-ligaen og vere på benken i eliteserien. Det kan fort føre til at han debuterer i eliteserien allereie i år.
Resultat Humlestøl 05.01.2020
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 460
Årets første skirenn på Humlestøl blei arrangert i dag. Greie løyper, men det regna i strie straumar.
Likevel var det 40 som gjekk skiløp og 30 som gjekk trimløp.