Middag i kafèen
- Detaljer
- Skrevet av NinaL
- Treff: 1940
Den første torsdagen kvar månad serverer vi heimelaga komler med tilbehør, i kafèen på In-spire.
Denne torsdagen tilbyr vi og juletallerken med dampa pinnekjøt, svineribbe, grove kjøttpølser og kålrabistappe. Vi tar gjerne imot bestilling og reservasjon på telefon og sms, 57744601 eller 95152023, så er det litt lettare å beregne kor mange gjestar vi ventar :-)
Borna sin dag
- Detaljer
- Skrevet av NinaL
- Treff: 1100
På laurdag vert det borna sin dag på Eikefjord Aktivitetsgard og In-spire. Garden på Hovland er ope fra 12-1500. Her kan du gå på Stall og Fjøsbesøk, sitte på hest, kose med småkalvar, kyr, sau, og kaniner, mellom anna. Pris per ridetur. Kanskje får vi sjå den snåle fjøsnissen som bur på garden?
Klokka 15 går vi til In-spire for nissegraut og innekos. På Hovland får du kjøpe fakkel til å lyse opp vegen med.
Hugsar du det flotte eiketreet vi dekorerte på Borna sin dag? No har det snart mist alle eikeblada, og vi trenger hjelp med å lage julekuler til å henge på treet. Ellers kos og prat i kafèen.
Skuleprosjektet går vidare
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 2828
Bystyret vedok etter ein tre timars debatt tysdag kveld å etablere ein mellombels brakkeskule på Eikefjord stadion. Debatten avslørte relativt fort at å la vere å bygge ny skule i Eikefjord ikkje var noko aktuelt tema. Forslaget til Jacob Nødseth om å ta tre månaders tenkepause for å kartlegge andre alternativ fekk dermed ikkje fleirtal.
Bystyret samla seg til slutt om Høgre sitt framlegg om å halde oppe framdrifta i bygginga av Eikefjord skule og at prosjektet skal fullførast innan råma på 115 millionar kroner.
Skulen på agendaen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 2815
I morgon er det bystyremøte der Eikefjord skule vil verte eit av dei store emna. Framdriftsplanen er lagt, men i det siste har enkelte politikarar lufta tankar om ei tenkepause og utsetting av prosjektet på grunn av kostnadane som berre har gått oppover.
Eikefjordingane er helt klare - prosjektet skal følge fastsatte framdriftsplaner og prosjektet lysast ut på anbud som planlagt. Det blir sikkert nokre elevar og foreldre som tar turen til Florø for å følge denne viktige milepælen i prosjektet.