Bakeriet på Sørbøen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 350
I helga har det vore hektisk aktivitet ved det gamle bakeriet på Sørbøen. Kledningen mot vegen er bytta ut og bakeriet har no fått fin villmarkspanel og etter at bildet blei tatt er bakeriet også måla.
Bakeriet er det første bakeriet i Sunnfjord og har dermed stor historisk verdi. Ser ein bak bordkledningen ser ein korleis huset er bygt opp.
Kommunen og skulen har jobba mykje med avvika
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 172
Tilsynsrapporten på Eikefjord skule kom i mai, og sidan den gong har det føregått eit stort arbeid med å rette avvika. Det seier kommunalsjef for oppvekst og undervisning i Kinn kommune, Ellen Jåvold til Firdaposten.
– Avvika handlar i stor grad om at dei ikkje har dokumentert nok eller godt nok, og at tiltaka som er sett inn i noko grad har vore for einsidige. Dette er noko vi har tatt innover oss, seier Jåvold.
Kommunen har svart fylkesmannen innan fristen, som var 15. september. I svaret fortel ein korleis både Eikefjord skule og kommunen vil jobbe for å få ein praksis som er i tråd med regelverket.
– Dette er noko vi vil jobbe med i heile kommune, på alle skulane, seier Jåvold.
Fartskontroll på Hovland
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 162
Utrykningspolitiet hadde laurdag fartskontroll på Rv5 ved Hovland i Eikefjord.
– Det vart skrive ut seks forenkla førelegg, fortel politioverbetjent Inge Værøy i UP.
Høgste fart som vart målt var 109 km/t i 80-sona.
Kilde Firdaposten
Brdrene Aa skal bygge båtar på Nesjane
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 183
Brødrene Aa skal igjen bygge båtar i Eikefjord. Etter oppkjøpet av verftet i Eikefjord har dei laga strukturar som har vorte eksportert til Kina, men no skal dei bygge heile båten ved verftet.
– Det var vel på tide, det er snart 30 år sidan det kom nybygg frå Eikefjord, seier administrerande direktør i Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa, til Firdaposten.
Aa fortel det delvis kjem av kapasitetsutfordringar ved anlegget i Hyen, men målet er å bygge nybygg også i Eikefjord i åra framover. Det betyr at dei har behov for fleire folk, og no søker dei etter folk i produksjonen.