Ope hus Vev-studio
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 163
Vevstudio innviterer til ope hus tirsdag 15.september kl 18-20.
Her kan du få sjå Vev-studio og korleis ein kan veve filleryer.Det er også mulig å melde seg på kurs og få leige vevstoler.
Velkommen innom på tirsdag
Tursti Sørmarka opna
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 408
Endeleg var dagen her for dugnadsfolket og prosjektledelsen. Tursti Sørmarka var ferdig og kunne opnast. På Reinene oppe på Sørbøen kom mykje folk og ville bli med på den store dagen. Leiar i idrettslaget, Per Øyvind Sørbø, leia arrangementet frå velkommen tale til snorklipping og tur på stiane.
Einaste i sitt slag
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 175
Lørdag kl 14 åpner Idrettslaget tursti Sørmarka.
I denne traseen er det to bruer som er dei einaste av sitt slag i heile verda. Bruene er designa av prosjektleder Odd Asle Endestad og detaljplanlagt av Anstein Aa i Brødrene Aa. Som standad hos Brødrene Aa er bruene laga i det lette byggematerialet Carbonfiber.
Begge bruene er gitt i gave frå Brødrene Aa til Eikefjord Idrettslag.
Åpninga på lørdag er på Skaret, nærmare bestemt på bøen langs turstien. Parker ved badestranda og gå Nore Reineveg opp til Skaret. Etter opningsseremonien går vi ein tur på stiane. Tilbake på Skaret er det premiering i Trimpoeng suksessen til idrettslaget.
Tur i Sørmarka
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 280
Turstiprosjektet i Sørmarka kom denne veka eit langt steg mot ferdigstillelse. Bruene frå Brødrene Aa vart levert og montert. No kan vi endeleg ta turen uten å vasse gjennom Sørelva. Prosjektledelsen smilte frå øyre til øyre når dei kunne spasere trygt over bruene.
No gjenstår litt grusing før stiane blir offisielt opna neste lørdag kl 14. Bli med og opplev desse fine stiane i ein trollsk natur.