Narko beslag i Eikefjord
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 272
Politiet oppdage ein mann som oppførte seg merkeleg i Eikefjord onsdag klokka 21.10. Mannen prøvde å gøyme seg frå politiet då dei reagerte på merkeleg oppførsel, opplyser operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Tatiana Knappen til Firdaposten.
Då dei fekk kontakt med mannen i 40-åra, fann dei narkotika av typen amfetamin i umiddelbar nærleik til personen.
Han vart sett i arresten, og det blir oppretta sak på forholdet, opplyste politiet.
Kilde:Firdaposten
Påskeutfart til Heia
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 402
Langfredag var det stor utfart til Ramsdalsheia. Tradisjonen tru var det parkeringsproblem på toppen då perkeringsplassen ikkje var fullt ut opna. Parkering vart dermed langs vegen ned mot Ramsdalen.
Mykje folk tok skiene fatt og gjekk mot Varden. Her var det bra med folk, men det såg ut som alle passa på å holde god avstand i desse koranatider.
Eikefjord IL med trimapp
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 432
All treiningsaktivitet i regi av idrettslaget er stoppa på grunn av Corona epedemien. Mandag 6/3 endrer dette seg. Då set idrettslaget igang med trimapp. Trimpoeng skal være gratis for brukarane som melder seg på Eikefjord IL sin trimkonkurranse.
For dei ivrige som alt er begynt å sanke poeng har idrettslaget sendt ut varsel at desse poenga sletta.
Konkurransen startar mandag 6/3.
Turstiprosjektet
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 267
Prosjektledelsen i Tursti Sørmarka har presentert prosjektet for Firdaposten. Det var viktig for prosjektledelsen å få fram den gode dugnadsånda som folk har. Det er også eit lågterskel tilbud i flatare terreng enn turane på støylane som er svært populære.