Jonsok feiring på stranda
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 335
Som annonsert blei opptakta til Jonsokfeiringa i Eikefjord litt forskjellig frå det som har vore tradisjonen dei siste åra.
Bilkortesjen som var annonsert var ikkje det heilt store, men honnør til dei som stilte opp.
På stranda var det samla godt med folk som kosa seg i god avstand frå bålet. Det var sett opp og tent på griller så folk kunne grille pølser og anna grillmat. Kiosken var også open for salg av forfriskninger.
Jonsok 2020
- Detaljer
- Skrevet av Grendalaget
- Treff: 243
Tirsdag 23.06 er det duka for jonsok, men som alt anna blir det annerledes enn det vi brukar å ha.
Kl 1830 går det kortesje gjennom bygda vår, ei kortesje med køyretøy frå lokale i bygda. Den vil starte frå rasteplassen, ut på Nesjane, inn i sentrum mot Sørgard, tilbake i sentrum og opp Knapstadbakkane.
Kom ut på trappa, altanen, tunet eller korleis enn måtte ønskje å sjå, vink og hels til folket som er med å markere dagen for bygda vår.
Grendalaget har i år bygd bål, dersom vi får tillatelse til bålbrenning så tenner vi bålet kl 19.00 på stranda. Kiosken på stranda er åpen, grillar blir rigga opp, grendalaget ordnar med fyr i grillane og det som trengst til det.
Men husk på smittevernsreglar, hald avstand og god handhygiene. Det blir satt ut handsprit på fleire plassar og vi oppmodar alle til å bruke når enn kjem og når ein går.
Vell møtt.
Fiskedød i Sørelva
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 308
Janne Steinhovden kom over ein kulp med mykje fin bekkeaure i Sørelva. Dette ville ho sjølvsagt vise barna sine. På søndag kom dei seg endeleg ut, men det som møtte ho og ungane var ein kulp fylt med død fisk.
Kinn kommune prioriterer slikt høgt og to representanter har vore i Sørelva og sett på forholda. Dei har sendt bilde og observasjonar til seniorrådgjevar for miljø- og fiskehelse i STIM, Jan Arne Holm. Holm skriv at det er store mengder grønalgar av ulik type som indikerer mykje gjødsling. Algane er veletablerte og gamle, noko som tyder på at dette har gått føre seg over fleire år.
Kinn kommune vil følge opp saka.
Kartet viser Sørelva med sideelver. Merkeleg nok går ei av sidegreinene opp til Daudetjønnmyra.
Avkjøring på Løkkebø
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 235
For fleire år sidan laga naboen til Marta og Arild Vågane ein murkant i avkjørsla som Arild Vågane laga for over 40 år sidan.
Murkanten er vurdert av både Vegvesen og fylkeskommune. Vegvesenet har vingla i sine besluttningar om avkjørsla, men Vestland fylkeskommune har no tatt ei endeleg beslutning.
"Etter ei heilskapleg vurdering av dei faktiske forholda på staden finn me at avkøyrsla står fram som trafikkfarleg ved at den er uoversiktleg, med dårleg sikt og dårlege tilhøve for drenering", skriv fylket, og listar opp fire punkt må rettast opp: Køyretøy som står parkerte i avkøyrsla må fjernast, då dei er i fare for å bli påkøyrde. Den delen av muren som står i tryggleikssona (fem meter frå vegkanten) til vegen, må fjernast. Avkøyrsla må strammast opp, slik at inn- og utkøyring skjer vinkelrett på avkøyrsla og der det er best sikt. Dreneringa må utbetrast, slik at vatn frå dreneringsrøyr blir ført vidare.
Les meir i Firdaposten