Share

17. mai blei avvikla på20140517-250-javielsker tradisjonell vis i Eikefjord. Veiret var på  lag med eikefjordingane og det var ikkje meir regnveir enn at all aktivitet ute vart gjennomført som planlagt.

Etter salutten av Audun Ramsdal kl 07:00 gjekk det slag i slag resten av dagen fram til borgartoget.

Elevane i 5. klasse hadde laga eit fint spel om 1814. Her viste dei i grove trekk historia frå Napoleonskrigane og fram til Grunnlova og eit sjølvstendig Norge.
20140517-625-spel

Elevane i 8. klasse heldt som vanleg tale for barna.
20140517-625-tale-8kl

Barnetoget på veg mot sentrum
20140517-625-barnetoget

Etter flaggborg og skulemusikken har barnehagen sin faste plass i barnetoget.
20140517-625-barnehagen

Toget stopper på eldresenteret før turen går vidare til kyrkja.
20140517-625-eldresenteret

Før kyrkja blir det lagt ned krans på støtta til Andreas Hesjedal.
20140517-625-krans

I kyrkja hadde Lars Terje Standal prologen. Det er skuffande få som går i kyrkja 17. mai, her bør ein gjere noko med tidsskjema både i sentrum, Steinhovden og Storebru om ein vil beholde denne tradisjonen.
20140517-625-LarsTerje

Etter kyrkja er det tradisjonelt matøkt. Litt for utspedd graut, men god stemning i gymsalen.
20140517-625-mat

Ute på skuleplassen var det liv rundt alle vegar. Her prøver Oliver Fraas seg på fiske, men fant fort ut at fisketroa kun var i vegen.
20140517-625-oliver

Vaksenleikane var også i gang. I hesteskokastinga var det som vanleg Magne Karlsen som gjekk av med seieren.
20140517-625-magne

Reidar Høyseth fekk æra av å holde tala på 200 års dagen for grunnlova. Han var spurt om å fortelje om historia lokalt og tok oss gjennom ei reise der han hovedsakleg fortalte om ting han sjølv hadde opplevd.
20140517-625-reidar

Borgartoget tok turen ut på Hovland, bort til Allhuset og tilbake på skuleplassen.
20140517-625-borgartoget

 

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

Ingen bilder

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com