Share

Dei 10.ande 20120818-250-barn069Eikefjorddagane er gått over i historia som eit svært vellukka arrangement.

Veirgudane som herja med både Førde og Florø heldt si skjermande hand over Eikefjoden, så her kunne folk kose seg og vandre rundt i sentrum for å besøke dei mange bodene som var plassert rundt omkring.

Gratisarrangement for ungane er i fokus, her kan ein komme og hygge seg heile dagen utan at det blir vakuum i lommeboka.

Eikefjordprisen blei i år delt mellom Reidar Høyset og Steinar Karlsen. Dei er to gode representantar som er eit foredøme på korleis bygda kan profilerast. Reidar som den gode hjelpande hand i bygda og Steinar som reiser ut og på den måten gjer bygda kjent,
20120817-525-prisen

Fredagskvelden er mest for dei voksne. Kirkekonserten med Koriander var magisk der alt stemte. Ein i koret sa at han var så fornøgd med gjennomføringa at han ikkje fekk sove før langt på natt, han låg der berre smilande og gjekk gjennom konserten på nytt.
20120817-525-steinar077
Steinar Karlsen vart så overraska over Eikefjordprisen at han ikkje fekk fram mange orda på scena, han benytta anledningen i kirka til å takke for prisen.

Publikum var strålande fornøgd med konserten, ikkje nødvendig med eksterne solister når ein har Koriander og "eige" husorkester.
20120817-525-kirke080

Ungdommen hadde sitt arrangement på idrettsbana med storskjerm. Over 100 var møtt fram på driveinn kino.
20120817-525-087

Som vanleg skulle det være ein happening kl 12. Her kom årets nedtur, fekk spørsmål om det ikkje var reprise frå fjordåret
20120817-525-moro100

Det var god stemning i teltet utover kvelden og natta. God musikk og fleire artistar underheldt frå scena og til slutt blei det tett på dansegolvet foran scena.
Ken Hopen og Steinar Karlsen er to gode musikarar som berre møtes på Eikefjorddagane.
20120817-525-ken111

Veirmeldingane for lørdag var ikkje gode med regn og torden. Eikefjordingane lurte veirgudane og hadde godt veir. Kom 10-12 dråpar på ettermiddagen, men ikkje nok til å vurdere paraply.
Tradisjonelt er dette den store dagen og det var mykje folk alle stader i sentrum og barna dei storkosa seg.

Gråtass er eit viktig innslag og den stoppar berre for å få nye passasjerer ombord.
20120818-525-barn061

Tohjulstraktoren er like populær, på tur også den heile helga til ende.
20120819-525-barn037

Veteranbussen har også si faste rute og sjølv om den stod i ro var det mange som kosa seg i dei gamle seta.
20120818-525-barn096

Det var flest av den yngre garde som prøvde veltepetteren. Dei vart ikkje mykje skremde av å ta ein rundvelt etter smila å dømme.20120818-525-barn027

Ein populær aktivitet der det alltid er kø er ansiktsmalinga. I år var aktiviteten flytta til ungdomsklubben, men dugnadsgjengen var like flinke som før.
20120818-525-barn035

Minigravemaskina engasjerer og ungane hadde god kustus på maskineriet.
20120818-525-barn043

Det var god aktivitet på folka med modellane. Ein kunne sjå båtar, bilar og fly i aksjon denne helga.
20120818-525-barn065

Mykje spennande å sjå i fiskedammen.
20120818-525-barn070

Sparebanken Sogn og Fjordane hadde sponsa Svanhild sitt tokt til Eikefjorden. Her var det gullmynter å finne på Kalveskinnshavet.
20120819-525-barn032

Teltet der ein kunne steike brød og spikke var på plass.
20120819-525-barn039

Hoppbakken var spennande og litt skummel første gang. For kvar gang ein prøvde seg gjekk det bedre.
20120819-525-barn041

Riding er kjempepopulært blandt dei unge, litt verre for foreldra som syns barna sit høgt oppe og kjem til å dette av heile tida. Ingen problem for dei rolege hestane og dei dyktige jentene som styrer aktiviteten.
20120819-525-barn045

Dyra på bøen ovanfor buss stoppen er flittig besøkt av barna. Kalven treng ikkje bevege seg for å få mat denne dagen.
20120818-525-dyr086

Sauene fekk også nokre høystrå og mange klapp i løpet av helga.
20120818-525dyr087

Geita ville ha litt oversikt og la seg opp på bordet, der fekk den mykje opmerksomhet.
20120819-525-dyr044

Kaninane måtte berre studerast på nært hold.
20120819-525-dyr047

Mat må ein også ha. To grillstasjoner og grautservering i Allhuset gjekk for fullt frå dei opna til etter at bodene var stengde.
Ole Jonny Eikefjord viste frå scena korleis ein kan lage til pale og får den til å smake godt.
20120818-525-mat083

Servering av graut på Allhuset
20120818-525-mat047

Grilling både på Sunnarvikstanden og Trollskogen
20120818-525-mat103

20120819-525-mat022

Eikefjorddagar der ein kan få gode tilbud kjem ein ikkje utanom. Arrangøren sorterer med hard hand og tar berre mot utstillarar med god kvalitet på varene sine. Her er nokre av dei presenterte uten fleire kommentarer
20120819-525-stand007

20120819-525-stand011

20120819-525-stand026

20120819-525-stand027

20120818-525-rk028

Kunstutstillingane har også blitt ein viktig del av Eikefjorddagane. Det er mest bildekunst som blir presentert, men også dreiing, smijern, smykker og glaskunst finn ein i fleire varianter.
20120818-525-kunst048

20120819-525-kunst002

20120819-525-kunst004

20120819-525-kunst018

I teltet var det også aktivitet. Bård Leite var innom og fekk stemninga opp.
20120818-525-scene107

Eikefjord Idrettslag deler også ut gaver til dei  som haar vore til fjells. Irene Knapstad var ei av dei heldige som var trekt ut og fekk eit gavekort på Sporten.
20120819-525-pris051

Den store finalen dette året var konserten med Jo Nesbø og ein merka fort at han hadde publikum i si hule hand. Med gode historier og fengande musikk vart dette eit høgdepunkt som kunne måle seg med konserten til Koriander.

20120819-525-konsert057

20120819-525-konsert071

Full kontroll på lyden heile helga, suverent jobba.
20120819-525-konsert063

Ståande applaus og to ekstranummer, flyeet skulle ikkje gå før i 8 tida likavel som Nesbø sa. Han stakk liksågodt av med blomsterane som var lagt fram så han slapp ein tur til på scena.
20120819-525-konsert077

La bildet over være symbolet for Eikefjorddagane 2012. Ståande applaus til arrangørstaben og alle dei frivillige som jobber dugnad heile helga. Ein stor applaus til Eikefjord.

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

Ingen bilder

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com