Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Eikefjorddagane 2014 vart eit svært 20140815-250-kakevellukka arrangement. Det fine veiret spesielt på lørdag var ein viktig faktor, men vi skal også huske og takke ein dyktig arrangørstab som har ofra mykje tid for å få arrangementet i havn. Ein skal også takke alle som har jobba dugnad for arrangementet, det har vore stor aktivitet i bygda i forkant av dagane.
Tilskuartalet er vanskeleg å beregne, men det var mange innom Eikefjord denne helga. Lørdag var det så mange at betalingsterminalane hadde vanskar med å komme gjennom for å tømme kontoen til kjøpelystne i alle bodene.

Atle Hamar stod for opninga av Eikefjorddagane. Han tala varmt om Sunnfjord som felles bu, fritid og jobbområde før han ærklerte Eikefjorddagane 2014 for åpna.
20140815-600-atlehamar

 

Øystein Ekhof hadde nokre musikalska innslag og det var ikkje tvil om at dei aller yngste sette pris på musikken.
20140815-600-oysteinekhof

 

Kakebordet er det store trekkplasteret på åpningsdagen. Kaker frå heile bygda til alle som tar turen innom messeteltet. Det smaka himmelsk, så her vart alle dietter gløymde.
20140815-600-kake

 

Skulemusikken er sjølvsagt med når noko skal feirast i Eikefjord.
20140815-600-skulemusikken

 

Eike er med frå første stund. Starter med gratis is til alle barna.
20140815-600-eike

 

Eit av høgdepunkta fredagen er utdelinga av Eikefjordprisen. Dette året var det Reidun Kristin Knapstad og Dag Nybø som delte prisen. Reidun figurerer i toppen av resultatlistene nasjonalt i skyting, og Dag har sett Eikefjord og heile Sogn og Fjordane på Basketballkartet.
20140815-600-prisen

 

Tradisjonen tru vart også kunstutstillinga åpna. I Magnhildbua hadde Solveig Haukaas utstilling av både bilder og smykker.
20140815-600-kunst

 

Seinare på kvelden var det underhalding i messeteltet. Mykje skal på plass for ein vellykka kveld
20140815-600-oel

 

Eikefjorddagane har satsa på mange aktiviteter for dei yngste. Ansiktsmaling er ein av dei aller mest besøkte og her er kø heile dagen av forventningsfulle barn som ventar på tur.
20140816-600-barnansiktsmaling

 

4H har stort telt og her er det forskjellige aktiviteter. Spikking er spesielt ettertrakta, men grilling av brød var også spennande.
20140816-600-barn4h

 

Brannbilen er på tur heile helga. Ein tur med blålys og enkelte ul i sirena fenger dei små
20140816-600-barnbrann

 

Redningsbåten Elias var populær. Her var køa lang, men moro var det når ein først kom ombord i Elias.
20140816-600-barnelias

 

Nede mot sjøen var også fiskekummane plassert. Spennande å sjå krabbe, hummar og diverse fisker på så nært hald.
20140816-600-barnfisk

 

Røde Kors hadde også stand nede på moloen. her fekk dei unge prøve å kaste redningstau godt motivert av premien som sjølvsagt smaka godt.
20140816-600-barnrodekors

 

Gråtass er eit kjært innsalg i bygda. Den går i skytteltrafikk med store og små heile dagen. Også tohjulingen er på plass og tar barna med på tur.
Den har fleire gangtimar på Eikefjorddagane enn heile resten av året, seier ein smilande Kolbjørn Taklo etter ein lang dag på traktorsetet. No gjenstår det berre ein god halvtime ut til Grov.
20140816-600-barngraatass

20140816-600-tohjul

 

Gravemaskina går også jevnt og trutt heile dagen. Her får barn prøve å grav i fjæra under tilsyn, medan misunnlege fedre står på sidelinja.
20140816-600-barngravemaskin

 

Padling er eit nytt innslag på Eikefjorddagane. Her kunne ein være med instruktør på ein liten tur på fjorden og få prøve denne fine sporten.
20140816-600-barnkajakk

 

Klatring var også ny aktivitet på Eikefjorddagane. Her var det stor aktivitet der ein fekk klatre heilt til topps for så å rappelere ned igjen. Skummelt, men mest moro.
20140816-600-barnklatre

 

Flora Motorsportklubb var på plass for å vise kva aktivitet dei har på sitt nye område på Grov. Isabella ønsker alle velkomne til å prøve denne sporten på Grov. På Eikefjorddagane var det kun oppvisning. Yngste motorsyklist var berre 5 år.
20140816-600-barnmotor

 

Ovanfor sentrum var hestane på plass,
20140816-600-barnridning

 

Veltepetter var godt besøkt og mange fekk prøve ein rundvelt i trygge omgivelser. Ein fekk verkeleg sjå kor viktig setebeltet var når ein hang opp ned i selen.
20140816-600-barnveltepetter

 

Kjellen var det store trekkplasteret på lørdag. Han drog heile messeteltet og bussholdeplassen full og heldt fullt køyr helt frå han kom på scena. Dette er eit show som folk betaler fleire hundre kroner for å sjå, på Eikefjorddagane var det gratis.
20140816-600-kjell03

 

Heftet for Eikefjorddaagane var så tjukt at det ville ta ukesvis å komme gjennom.
20140816-600-kjellen01

 

Enkel humor med banning og steiking, og med enkelte gullkorn inn i mellom. Han var god idag og fekk publikum verkeleg med seg.
20140816-600-kjellen02

 

Autografskriving og selfies. Kjellen har funne sitt publikum
20140816-600-kjellen04

 

Mat må også lagast. Her er tre unge jenter i full gang med svelesteiking i matteltet i sentrum.
20140816-600-matsentrum

 

Grauten gjekk unna. Det var ikkje mange minuttar ei 50 liters gryte varte før den var tom. og ut på lørdagen var det helt tomt for graut. 50 000 i inntekter berre på denne stasjonen er bra. Endå bedre var smaken - dette var skikkeleg god rømmegraut.
20140816-600-matgraut

 

Sunnarvika matstasjon hadde flytta bort til Allhuset og det var stor suksess. Grillen gjekk heile helga og det var til tider trangt rundt borda i teltet.
20140816-600-matgrill

 

Mange var bortom parkeringsplassen ved Allhuset for å sjå Cedrik Fonn Skåre på gocart. Her viser han akselerasjonen foran publikum.
20140816-600-skaare01

 

 

Full kontroll på gocarten i full spinning.
20140816-600-skaare02

 

Skåre som alt no er ein av norges beste gocartførarar fekk blomster og ein varm applaus for oppvisninga.
20140816-600-skaare03

 

Det blir selt mykkje god mat på Eikefjorddagane. Det meste produsert i nærmiljøet, her representert med røykt laks frå Svanøy
20140816-600-bodfisk

 

Billege sportsartikler. Denne karen frå Måløy selde sko heile dagen
20140816-600-bodsport

 

Allhuset kom meir i sentrum med matstasjon like utanfor døra. Her var det salg av husflidsvarer og smykker. Til og med det nye Eikefjordsmykket.
20140816-600-bodallhuset

 

Levande dyr er ein sikker vinner. Geita til Hans tok livet med ro og let ungane klappe og stryke
20140816-600-dyrgeit

 

Ein liten kar som godt kunne tenkt seg å være inne med denne dunmjuke familien
20140816-600-dyrand

 

Alltid nokre jenter som hang på rekkverket her og prøvde å gi ein venskapeleg klapp til ponnyane
20140816-600-dyrhest

 

Søndag er ein rolegare dag i Eikefjord, men likevel var det godt med folk innom. Olav Stedje var også innom og sang kjære melodier.
20140817-600-stedje1

 

Og det var litt av det gode liv i Eikefjord

FJELLET

20140601-625-grunnevatnet.jpg

HALLEN

20170511-400-hallen.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com