Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

20090507-250-nerleiken013I ettermiddag hadde Norge Rundt funne vegen til Nærleiken og Norsk Slipsmuseum. Gro innviterte også bygdefolket innom kafeen og serverte både drikke, mat og helt ny nettside.

 

Gro ønsker alle velkommen.
20090507-515-nerleiken011

Programleder Kjellrun Lavik og fotograf Heidi Lise Bakke kom til Eikefjord alt i 4 tida på ettermiddagen. Fram til avreise noko over 7 hadde dei tatt opp ca 1 time med råtape. Etter redigering skal dette bli eit innslag på 3 1/2 minutt. Truleg kjem innslaget på Norge Rundt før sommarferien.
20090507-515-nerleiken014

Gro presenterer den nye internettsida. Link vil ligge på høgresida på eikefjord.net
20090507-515-nerleiken020

Gro serverer rykande fersk suppe etter Afrikansk oppskrift til alle frammøtte.

20090507-515-nerleiken016

Brigt og Gro hadde også besøk av langveisfarande frå Malawi. Prosjektleder som dei hadde mykje kontakt med var innom i sammen med Rådmann og representanter frå Flora Kommune.

20090507-515-nerleiken015

 

FJELLET

nipevatnet2.jpg

HALLEN

20190817-400-efjdg.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com