Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

20111226-250-storm003Dagmar herja godt i Eikefjord. Bilder fortel meir enn tusen ord og her kan du sjå korleis det såg ut i sentrum etter ei stormfull natt.

Rett før midnatt var sjøen på det høgaste og stormen trykte godt med vatn innover fjorden.

Høge bøljer betyr dette skiltet.
20111226-525-storm003

 

Vegenskuldra i fjæra er rasert som vanleg. Denne gangen er også vegen undergreven.
20111226-525-storm011

 

Mykje rusk i sentrum. Sjøen gjekk helt inn hit om natta.
20111226-525-storm025

 

Stor skade på det nye taket på Foreininga. Vinden tok tak oppunder takrenna og dermed var det gjordt.
20111226-525-storm012

 

Mange var ute og såg på skadane. Her nedanfor Sjøhuset.
20111226-525-storm019

 

Piren ut til gjestebrygga er renska for pukk og grus.
20111226-525-storm020

 

Taket på vestre del av leiligheta over verkstaden er flerra av.
20111226-525-storm022

 

God grunn til å sperre av sentrum når desse platene dansa i vinden.
20111226-525-storm024

 

Også på piren ved campingplassen har sjøen tatt grusen.
20111226-525-storm028

 

SFE på inspeksjonstur over høgspentlinja som går innover mot Moskog.
20111226-525-storm018

 

FJELLET

blanipa1.jpg

HALLEN

20170511-400-hallen.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com